Odelsgut

 

På Haug Gard ved den vakre Sognefjorden har Alexander og Cecilia skapt sitt livsprosjekt – ein stad der tradisjon og nyskaping møtest. Garden har vore i familien sidan 1500-talet, og sidan 2022 har dei teke over drifta for å vidareføre historia med ny energi og nye idear.

Alexander, odelsgut og fruktentusiast, vaks opp med fruktplukking og handverk saman med bestefar Anders. Lidenskapen for gode drikkevarer har følgt han sidan ungdomsåra, og i dag legg han same engasjement i siderproduksjonen som i livet som bonde og småbarnsfar.

Cecilia, med bakgrunn frå Sverige og erfaring innan design, marknadsføring og interiør, set sitt preg på både uttrykket og opplevinga på garden. Ho er drivkrafta bak det visuelle og formidlinga av garden si historie. Saman dyrkar dei fram ein moderne sidertradisjon rota i familie, handverk og natur.

 

Om oss

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Ciderhuset

Neste
Neste

Ølmheim siderhage