Ciderhuset

 

Ciderhuset og Balholm ligg i Balestrand i Sogn. Bestefar Andreas Eitungjerde planta frukthagen i 1922. Åge Eitungjerde har sidan 90-talet vore ein av pionèrane innan most- og siderproduksjon i Noreg. Saman med Eli Grethe Høyvik har Åge bygd opp Balholm og Ciderhuset til ei av dei store merkevarene basert på råvarer frå Sogn.

Ciderhuset er kjende for sine breie produkstvariasjon og formidling av sider og matopplevingar. No er det fjerde generasjon med Gard E. Høyvik og Tuba Ardic som tek imot gjester i den økologiske hagen og i Ciderhuset for å smake på drikke og lære om korleis frukt og bær blir til jus, sider eller fruktbrennevin. Gard eller han far sjølv, Åge Eitungjerde, formidlar om kvifor Sogn har ein heilt spesiell posisjon når det gjeld fruktdyrking i Noreg – og om kva for sider som passar til kva slags type mat.

Tuba styrer restauranten og er i sitt rette ess når ho får gode råvarer frå Sogn inn på kjøkenet og kan mikse desse saman med alt ho har med seg frå heimlandet Tyrkia. Engasjementet deira strekk seg ut til kunst- og kulturarbeid med ungdom. Du vil til ei kvar tid finne mennesker frå heile verda i aksjon både i Ciderhuset og Kunstgarasjen.

 

Om oss

  • Nettside: www.ciderhuset.no

  • Siderstilar: Syrefrisk stil, tanninhaldig stil, sider med br og frukt, botanisk stil, dessertsider

  • Utsal: Asko, Vinmonopolet, Vectura, Vinhuset, Spesialgrossisten, Balholm

  • Bestilling: post@ciderhuset.no

  • Opplevingar: Sidersmaking, cider makers dinner/ og gardsutsal

  • Følg: Instagram

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Skjolden sideri

Neste
Neste

Odelsgut