Skjolden sideri
Skjolden Sideri held til midt i Skjolden, innerst i Lustrafjorden, oppå høgdedraget der ein har utsyn ut Lustrafjorden og innover Mørkridsdalen og Fortunsdalen. Her ligg frukthagen som på folkemunne har vore kalla Edens hage sidan århundreskiftet, då Saftkongen i Sogn, Hallvard Drægni planta dei fyrste frukttrea sine her. Erik og Torill jobbar for å produsere handverkssider og mostar av høg kvalitet.
Skjolden Sideri lagar fleire typar sider, både tørre og halvtørre, med og utan smakstilsetningar som bær. Utvalet kan variera frå år til år, men sideriet vil alltid ha Aroma & Gravenstein, Aroma Rose og ein sider basert på Discovery i reportoaret. Syndig god eplemost er 100% rein eplemost. Skjolden sideri lagar mostar av reine eplesortar.
Om oss
Siderstilar: Syrefrisk stil, sider med bær og frukt
Utsal: Sider og eplemost frå gardsutsalet
Bestilling: post@skjoldensideri.no
Opplevingar: Gardsutsal og sidersmaking