Siderstilar

Eit særtrekk med Sogn har vore det mangearta utvalet av frukt- og bærsortar.  Berre etter 1922 har det vore prøvt ut fleire tusen sortar innanfor frukt og bær.  Denne tradisjonen speglar seg av i ein stor variasjon av frukt- og bærbaserte drikker. I tråd med dette historiske særpreget har Sider frå Sogn / Cider frå Sogn ei differensiert typeinndeling.

Syrefrisk stil

Laga av eple, hovudsakleg bordeple. Har tydeleg eplesmak med frisk syre. Restsukker 0–35 g/l og alkoholstyrke 2,5–12 %. Frå ekstra tørr til halvsøt.

En skisse av et dunkelromantisk rom med en seng, et nattbord og en lampe, sett fra en vinkel, svart/hvite farger.

Tanninhaldig stil

Laga av eple, med minimum 20 prosent bitre sidereple. Eplesmak med tanninpreg og mindre tydeleg syre. Restsukker 0–30 g/l og alkoholstyrke 2,5–12 %. Frå ekstra tørr til halvsøt.

Sider med bær og frukt

Laga av eple og inntil 20 prosent bær eller andre frukter. Aroma og smak er kjenneteikna av eplesmak med preg av bær eller annan frukt. Restsukker 0–35 g/l og alkoholstyrke 2,5–12 %. Frå ekstra tørr til halvsøt.

Botanisk stil

Laga av eple tilsett botaniske plantedelar (< 0,1 % av samla råvarevekt). Restsukker 0–30 g/l og alkoholstyrke 2,5–12 %. Frå ekstra tørr til halvsøt med middels syre. Aroma og smak er kjenneteikna av eplesmak med botaniske smakskomponentar.

Fotografi av en kvinne som trener i et treningsstudio, løfter vekter.

Dessertsider

Laga av eple, eventuelt tilsett bær, frukt eller botaniske plantedelar (< 0,1 % av samla råvarevekt). Restsukker 0–50 g/l og alkoholstyrke 8–15 %. Ekstra søt. Frå høg syre- og smaksintensitet til balansert smak prega av tørka frukt.