Om Sider frå Sogn
Sider frå Sogn er ei felles nemning for handverksbasert sider produsert i Sogn.
Merkevara byggjer på dei lange og rike frukt- og sidertradisjonane i regionen, der fruktdyrking har vore ein viktig del av kulturlandskapet og næringsgrunnlaget i generasjonar.
Sideren som blir laga i dag er moderne, men har røter i tradisjonelt gardsbruk og lokal foredling.
Lang tradisjon for fruktdyrking
Sidan 1100- talet har det vore produsert frukt langs Sognefjorden, og like lenge har folka langs fjorden pressa frukta og gjæra den til sider og fruktvin. Frukthagane klorer seg fast langs fjorden i eit tynt belte heilt nede ved vasskanten.
Der er det lunt nok for fruktproduksjon, sjølv om me ligg tett på dei næraste isbreane.
Kven står bak? Sogn Frukt- og Siderlaug
Visjonen vår er at siderriegionen Sogn er internasjonalt annerkjent for særs høg produktkvalitet og stor stilmessig variasjon.
13 ulike produsentar
I dag har lauget 13 medlemmar med produksjonsløyve for alkoholhaldig sider, og fleire nye produsentar er på veg inn i næringa.
Mange av medlemmane er småskalaprodusentar som kombinerer siderproduksjon med reiseliv, gardsbesøk og matopplevingar.
Om siderlauget
Sogn Frukt- og Siderlaug er ein ideell medlemsorganisasjon for siderprodusentar i Sogn. Lauget arbeider for å byggje Sogn som ein sterk og synleg siderregion – både nasjonalt og internasjonalt.
Organisasjonen vart etablert i 2020, men byggjer på eit fagleg fellesskap som starta med Sogn Fruktrute på midten av 2000-talet.
Sogn Frukt- og Siderlaug arbeider med:
Kunnskapsdeling og samarbeid mellom produsentar
Å vere ein felles røyst for sidernæringa i regionen
Å synleggjere og utvikle merkevara Sider frå Sogn
Å fremje Sogn som ein attraktiv og berekraftig drikkeregion
Lauget driv fleire utviklingsprosjekt og samarbeider med aktørar innan mat, drikke og reiseliv for å sikre gode vilkår for produksjon, distribusjon og marknadsføring.
Gjennom produsentane i lauget kan publikum oppleve sidersmaking, gardsbesøk, kurs, festivalar og arrangement.