Lang tradisjon
Sogn har dei eldste dokumenterte frukthagane i Noreg. Allereie på 1100-talet vart det planta frukttre i Vik, og frå 1200-talet finst det fleire kjelder som omtalar fruktdyrking i Sogndal.
Eple og andre frukter har sidan vore ein del av både næring, handel og tradisjon i regionen.
Fruktdrikk i middelalderen
Gjennom middelalderen vart det laga frukt- og bærbaserte drikker i Sogn, blant anna ein drikk kalla bjór – ei tidleg form for sider. Seinare vart slike drikker omtalt som æblemost eller eplevin, og heimelaga fruktvin var vanleg i mange hushald frå 1700-talet og framover.
På 1900-talet hadde fleire verksemder i Sogn kommersiell produksjon av fruktvin, mellom anna Lerum og Balestrands Saftpresseri. Den moderne, handverksbaserte siderproduksjonen tok til rundt 1995 – og i dag veks det fram eit sterkt miljø av produsentar i heile regionen.
Sogn Frukt- og Siderlaug byggjer vidare på denne lange tradisjonen.
Cider inn på 1800-talet
Frå 1300-talet og fram til slutten av 1700-talet var Æblemost (moos, must osv) eit vanleg namn på eplevin i Norden. Omgrepet eplevin har levt parallelt med cider, og i Sogn har eplevin vore det tradisjonelle omgrepet. Cider kom inn i norsk språk på 1800-talet. Den fornorska skrivemåten sider vart vanleg etter 2010.
Det er påvist gjennom arkeologiske funn at det har vakse eple i Skandinavia sidan eldre steinalder og at det er funne eplekjernar i bylatriner i alle fall frå år 1000. Dei 54 epla i Osebergskipet som vart hauglagt i år 834 kan likevel tyda på at det vart dyrka eple endå tidlegare. Eplet er også nemnt fleire gonger i norrøn mytologi.
Ordet «sider»
Ordet «sider» kjem opphaveleg frå babylonsk shekar som er omtalt i Det gamle testamentet. I hebraisk språk er shekar framleis omgrepet for alle typar fruktbasert vin som ikkje er laga av druer.
I ulike land har det utvikla seg ulike tradisjonar for kva type eple som blir brukt i cider, men innblanding av bær og urter er truleg den eldste tradisjonen, som har fått ein renessanse i nyare tid.
Sogn er truleg det eldste dokumenterte fruktområdet i landet. Den første frukthagen som er nemnd i norske kjelder er Aldinhagi i Vik i Sogn, der Sverresoga omtalar ei trefning mellom baglarane og syslemann Jon Stål i 1201. Denne frukthagen, som truleg hadde både eple- og kirsebærtre, låg under Hoppestad-garden og var etablert ein gong på 1100-talet. Hopperstad hadde tidleg handelssamband med m.a. Gotland og Irland.
Frukthagar i Sogn er seinare nemnt i mange skriftlege kjelder som t.d. i Diplomatarius Norvegica knytt til eit arveskifte på garden Kvåle i Sogndal i 1314, og i Bjǫrgynjar Kálfskinn (jordeboka Bergens Kalvskinn) knytt til eit skattekrav til kyrkja på ein verdifull eplegard på Nes i Sogndal i 1316. Mykje tyder på at epledyrkinga fekk eit kraftig oppsving under Håkon Håkonsson og Den norske gullalderen på 1200-talet. ”Konungs eplagard” like sør for Håkonshallen i Bergen er første gong nemnd i 1259. Dei to lendmennene i Sogn, Jon Stål og Brynjolf Jonsson, som er namngjevne 18 gonger i Håkon Håkonssons saga, hadde handelshuset sitt, Brynjolfsgard, nettopp ved denne eplehagen. Jon Stål hadde handelsbrev på England. På lendmannsgarden deira, Kvåle i Sogn, låg ein av dei tidlegaste eplehagane i landet.
Det er grunn til å tru at fruktdyrking har stått sterkt i Sogndal heilt frå mellomalderen av. Mot slutten av 1700-talet auka fruktdyrkinga i midtre og indre Sogn og etter kvart vart det ei viktig næring.
Vi veit ikkje kor langt tilbake det har blitt laga fruktbaserte drikker i Sogn, men truleg har seremonielle drikker av viltveksande frukt og bær blitt tilverka sidan førhistorisk tid. Dei eldste skriftlege kjeldene om fruktvin eller eplevin i Sogn går tilbake til ein bispevisitas mellom 1321-24 som nemner den frukt- og honningbaserte drikken bjór. Prestane ved dei ulike kyrkjene i Sogn skulle stilla med til saman 52 tønner mungåt (øl), 31 tønner bjór (frukt- og honningbasert vin) og 3 ½ tønner importert druevin som skatt til biskopen i Bergen. Bjór var kva vi må kalla ur-sideren i Noreg.
Frå 1300-talet og fram til midten av 1800-talet var Æblemost, Moos, Must, Most-Viin e.l. vanlege namn på eplevin i Norden. Seinare er ”Æble Moos fra Sogn” nemnt som alternativ til vin i ein bryllupssang på 1700-talet i Bergen. Frå denne tida kan vi rekna med at heimeproduksjon av frukt- og bærvin var blitt vanleg i bygdene i Sogn. I kokeboka til Marie Landmark fra 1892, er det også oppskrift på sprudlande ”Æblevin” med flaskegjæring. Marie Landmark hadde slekta si i indre Sogn.
I første del av 1900-talet var det fleire verksemder som produserte ulike typar fruktvin kommersielt, m.a. Hallvard Drægni i Luster, Lerum Saftfabrikk og Balestrands Saftpresseri. Fruktvinprodusenten Fuhr i Grimstad kom også frå Sogn.
Alle desse produsentane hadde den tids moderne eplepresser, så eple var ein viktig del av råvaregrunnlaget. Men på grunn av dei høge epletrea (kruntre), var tynning av eplekart uråd på denne tida, og epledyrkinga vart difor ustabil med gode avlingar berre annankvart år. Dette kunne vera ein medverkande årsak til at stikkelsbær, rips og rabarbra fekk ein sterk posisjon for dei som satsa kommersielt på eplevin og fruktvin.
Etter 2. verdskrig har eplevin og fruktvin frå Sogn overlevd som ein kjellarsyssel for privat konsum. I Sogn starta moderne eplesiderproduksjon opp rundt 1995 og talet på siderprodusentar med statleg tilverkingsløyve aukar jamnt.