Ølmheim siderhage
I dei bratte liene langs Sognefjorden finst det fantastiske moglegheiter for fruktdyrking. På ein av desse grøderike stadene finn du garden Ølmheim, som har vore i familien i godt over 300 år. Eple har dei alltid hatt – men no blir dei servert på flaske.
Sigrid vaks opp som odelsjente på Ølmheim og har eit nært forhold til både landskapet og fruktdyrkinga. Endre er lidenskapeleg vininteressert og har eit vinstudium frå London i bagasjen. Begge har store visjonar og mykje pågangsmot!
Endre og Sigrid er livsnytarar og elskar god mat og drikke. Livsprosjektet deira er å få deg til å smile av gode smakar – og å skape opplevingar som gjer at du kjenner deg heldig. Me lagar sider på ein langsam måte, og det får fram det beste i dei fantastiske epla me har her i Noreg.
Ølmheim siderhage tek imot private grupper på valfritt tidspunkt eller bli med på daglege smakingar. Moglegheit for parkering, det er lett å ta seg rundt og det er toalett. Gardsbutikken held opent i kvardagar.
Om oss
Nettside: www.siderhagen.no
Siderstilar: Syrefrisk stil, issider
Utsal: Vinmonopolet, bestillingsutval, Symposium wines AS, gardsutsal
Bestilling: endre@siderhagen.no
Opplevingar: Sidersmakingar og gardsutsal
Følg: Instagram