Norane fruktgard
Norane fruktgard ligg sørvendt til nede ved Sognefjorden, like ved der det historiske «Slaget ved Fimreite» stod i 1184. Sjøslaget fann i praksis stad rett utanfor, og dette har eigarane nytta i marknadsføringa av jus-variantane sine under namnet 1184 Sognamost.
Sideren har fått namnet Gjest, både fordi det ligg ei gjestetradisjon i namnet – å servere gjester som kjem til gards – men også fordi Sogndalstyven Gjest Baardsen truleg «lånka» ein robåt frå eigedomen ein gong i fyrste halvdel av 1800-talet. På garden blir dette punktet i frukthagen framleis kalla Tjuastaai, eit namn som kan sporast attende til 1800-talet.
Området har særleg gode vekstvilkår for frukt, og dei fyrste fruktdyrkarane i området kan sporast langt tilbake i tid. I år 2000 tok Ann Kitty og Stig Johnny over garden. Dei starta tradisjonelt med å levere frukt til fruktlageret dei var medlemer i, før dei endra kurs og byrja med produksjon av jus. Det er først dei siste 3–4 åra at interessa for sider verkeleg har teke av.
Om oss
Siderstilar: www.sognamost.no
Utsal: Encon (DLVY) og Måkestad (Service grossistene) eller direktebestilling
Bestilling: post@sognamost.no